Danskar fanga sjeldan sommarfugl i Jotunheimen – fekk 25.000 kroner i bøter

Dei to danskane som i august i fjor vart tatt for å ha fanga utryddingstruga apollosommarfuglar ved Gjendebu, har vedteke eit førelegg på 25.000 kroner kvar for faunakriminaliteten.

Apollosommarfugl: Det er registrert heile 275 underartar av apollosommarfuglen. I følgje Artsdatabanken finst høgfjellsforma berre i Noreg, der den lever frå tregrensa i dalstroka og opp til 1.400 meters høgde i Jotunheimen.  Foto: Åslaug Viken/Artsdatabanken

Nyheiter

Det var i august i fjor at to danske menn vart tatt av politiet i Gjendebu, mistenkt for faunakriminalitet etter å ha fanga 19 apollosommarfuglar.