Lom støttar tv-aksjonen

Med 4 mot 1 røyst vedtok formannskapet i Lom å løyve 2 kroner per innbyggjar til årets tv-aksjon. Det vil seia i alt 4.428 kroner.

Lom sa ja: – Eg går for å gje støtte til årets tv-aksjon. Å kjempe mot plast i havet er ei svært viktig sak. Å blande inn rovdyr og alt mogleg anna i dette, blir ikkje rett, sa Sigrun Garmo (Ap).   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Trass i at ein ikkje kan påstå at beløpet er eit stygt innhogg i den kommunale pengebingen, vart det likevel ein ganske lang debatt. Det kom fram ulike meiningar om innsamlingsaksjonar generelt – og World Wildlife Fund (WWF) spesielt.