Coop Ottadalen utvidar butikken på Lalm og vil bytte profil til Prix

Coop Ottadalen satsar på Lalm. Nå har dei kjøpt tomta og heile fyrste etasje for 2,8 millionar kroner for å utvide butikklokala til Coop Marked.
Nyheiter

– Coop-kjeda har trua på butikken på Lalm og har oppfordra oss til å satse på butikken. Ei utviding av butikklokala er noko styret i Coop Ottadalen har ynskt og arbeidd med lenge, seier Rune Fossmo, dagleg leiar i Coop Ottadalen.