Ordføraren utfordra samferdselssjefen på parkeringskaoset i Vargebakken

I sommar har det vore kaotiske tilstandar i Vargebakken langs fylkesveg 51 Valdresflyvegen. Folk har parkert i vegkanten for å gå fjellturen over Knutshø. Sjå video av parkeringskaoset.

Parkeringskaos: I sommar har dette vore eit kjent syn langs fylkesveg 51 Valdresflyvegen i Vargebakken. Det har vore rekna godt over hundre bilar som har stått parkert i vegkanten både ovafor og nedanfor parkeringsplassen. Fjellturen over Knutshø har vorte meir og meir populær, noko som har ført til stor trafikk og eit trafikkaos.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Parkeringa i Vargebakken er eit stor utfordring for oss, sa ordførar Harald Sve Bjørndal da han fredag hadde besøk av samferdselssjefen i Innlandet, Aud M. Riseng.