Helge køyrde OKB-historia heim til bygda

Helge Skjåk køyrde fremst i kollonna da gamle OKB-bussar og lastebilar var køyrt frå Otta til Bismo laurdag.

Heim til Skjåk: Her rullar Helge Skjåk og bussen inn i Bismo. Etter mange års arbeid med å restaurere OKB-bussar og lastebilar er han endeleg i ferd med å realisere ein draum om å samle alle køyrety i ein eigen hall. Helge Skjåk seier det er naturleg for han å byggje eit OKB-museum i Bismo. – Eg er skjåkver og det var her på verkstaden til OKB eg starta karrieren min, seier han.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Turen frå Otta til Bismo laurdag var ikkje publisert, men likevel stod folk oppstilt langs med vegen for å sjå kollonna med gamle OKB-bilar køyre forbi.