«Stjernestup» - ei akustisk oppleving med Frikk og Mari

Frikk Gjeilo er klar med sin fjerde singel - «Stjernestup», i duett med Mari Midtli.

Duett: Frikk Gjeilo kjem snart med sin fjerde singel. Mari Midtli si stemme smeltar saman med Frikk i duetten «Stjernestup».   Foto: Lars Evensen

Nyheiter

Frikk Gjeilo frå Lom har vore i vinden i det siste, etter at han plutseleg sat med platekontrakt mellom hendene.

I januar kom han med debutsingelen «Planet». I mars kom singel nummer to, «Våradonia», og i juni nummer tre, «Parallellgata».

Fredag 9. oktober kjem Gjeilo med duetten «Stjernestup».

Plateselskapet Klokkereint på Gjøvik skriv i omtalen av plata at «Stjernestup» tek deg med til kvelden vi alle har opplevd, der dagen overgjev seg til natta, tankane overgjev seg til spørsmåla, og dei einaste du ynskjer deg akkurat denne kvelden er svara.

Kvinnestemma denne natta tilhøyrer Mari Midtli frå Sel, som også spør etter svar, før den smeltar saman med låtskrivar Frikk Gjeilo.

Mari Midtli er tradisjonsbærar for den vokale folkemusikken i Gudbrandsdalen og regjerande vinnar i vokal klasse A på Landskappleiken.

Med totningene Kristian Wentzel på piano og Ida Malene Christensen på cello, blir «Stjernestup» ei akustisk og ærlig oppleving, i Gjeilos fjerde singel. Strykearrangementet er det Årets folkemusiker 2019, Bjørn Kåre Odde fra Garmo, som har arrangert.