Frodig hagebruk i Sælatunga

Det starta med litt hobbydyrking av tomatar i drivhuset. Nå har Rønnaug Stjernvang i Sælatunga, fylt jordlappar med grønsaker og tek sats for å kunne livnære seg av dette.

Gledeleg å skape noko sjølv: Rønnaug Stjernvang og Dag Inge Bakke trivst godt på det idylliske småbruket Sælatunga, og gler seg over å kunne nytte godt av jorda som dei kan dyrke både grønsaker, bær, frukt og urter i. Stuttreist mat er viktig for grønsaksbonden. – Eg har eit hårete mål om at maten ikkje skal reise utanfor Vågå. Må den fraktast noko særleg lenger, er poenget med stuttreist borte, seier Rønnaug Stjernvang. Difor har ho også takk nei til å delta i Rekoringen på Lillehammer.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Det er haust, og tida for innhausting er på hell. På småbruket Sælatunga driv Rønnaug Stjernvang og førebur siste onn for i år. For eitt år sidan bestemte ho seg for å satse på hagebruk på den vesle, idylliske plassen 427 meter over havet, ved Finna. Enkeltmannsføretaket Sælatunga Hagebruk vart dermed etablert.