– Staten må ta flaumrekninga

Gudbrandsdalstinget meiner det er uakseptabelt at rekninga på over 16 millionar kroner etter flaumskadane i 2018 blir sendt til Skjåk-bedrifta Glasopor.

Gudbrandsdalstinget, ved Rune Støstad og Anette Musdalslien, ber staten ta rekninga attpå flaumen i 2018.  Foto: Gudbrandsdalstinget 2019

Nyheiter

Bedrifta har fått varsel om eit krav om refusjon av midlar som staten har hatt med planlegging og gjennomføring av opprydding av Glasopor etter flaumen i 2018.