Jorid (18) brukar friåret sitt til politikk

Den unge Vågå-jenta Jorid Skogen Vorkinn gler seg til å ta fatt på eit lærerikt år som ny leiar i Vågå SV.

Jorid Skogen Vorkinn vart nyleg valt som leiar for Vågå SV. 18-åringen gler seg til eitt år med hovudfokus på politikk.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Ho er yngste aktive medlem i Vågå SV. Og sa eigentleg nei da ho vart spurt om å bli leiar i Vågå SV. Men med lovnad om god hjelp og opplæring frå resten av styret, takka Jorid Skogen Vorkinn ja til å overta vervet etter Jakob Sagsletten nå.