– Uhøyrt av Miljødirektoratet

– Med det same eg fekk greie på at Miljødirektoratet hadde sendt Glasopor eit varsel om at dei kan måtte betale 16,6 millionar kroner for oppryddingsarbeidet, ringde eg både Glasopor og Skjåk kommune. Dette er uhøyrt av Miljødirektoratet.

Uhøyrt: – Uhøyrt av Miljødirektoratet, meiner lomsordførar Bjarne Eiolf Holø.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Det seier lomsordførar Bjarne Eiolf Holø, som tykkjer det er viktig at det kjem fram at Lom kommune har same syn på denne saka som både Skjåk, Vågå og Sel.

– Det er heilt sjølvsagt. Det er inga meining i at Glasopor, som driv ei lovleg verksemd med godkjende lokalitetar, skal straffast på grunn av ei naturkatastrofe ingen kunne spå kunne skje.

Ordførar Holø fortel at denne sakna blir tema i «Open post» i formannskapsmøtet i Lom fyrstkomande tysdag.