Miljødirektoratet varslar millionkrav mot Glasopor AS

Utgiftene staten har hatt i samband med oppryddinga av glasoporen som reiste i flaumen, kom på over 16,6 millonar kroner. Miljødirektoratet varslar at Glasopor kan måtte dekkje denne kostnaden.

Gigantkrav: Glasopor AS har fått varsel frå Miljødirektoratet om at dei kan måtte dekkje kostnadene for oppryddinga etter flaumen i oktober 2018. Det vil i så tilfelle handle om mykje pengar: Om lag 16,6 millionar kroner.  Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

Glasopor er ikkje samde i konklusjonen frå Miljødirektoratet.

– Vi er usamde i at Glasopor AS må bera ansvaret for konsekvensane av flaumen, skriv Glasopor AS i ei pressemelding – som svar på varselet frå Miljødirektoratet.

Utgiftene staten har hatt i samband med oppryddinga av glasoporen som reiste i flaumen, kom på over 16,5 millionar kroner, i følgje brevet frå Miljødirektoratet.

Glasopor AS står fast på at dei ikkje kan lastast for flaumen, ein flaum som ramma heilt uventa på ein stad ingen hadde forventa flaum.

– Flaumen vart heller ikkje varsla av styresmaktene. Vi er ei lita miljøbedrift som driv vår verksemd i tråd med alle offentleg godkjenningar, på ein offentleg godkjent tomt. Næringslivet kan ikkje bera eit større ansvar for kostnader ved plutselege og uventa naturkatastrofer enn det offentlege, skriv Glasopor AS i pressemeldinga.

Glasopor AS peikar òg på at dei er ein viktig arbeidsgjevar i Skjåk, som indirekte bidreg til fleire arbeidsplassar i lokalsamfunnet.

– Vi har ingen andre planar enn å vidareføre verksemda, og har framleis tru på at det finst ei løysing der det offentlege kan bera kostnadene for oppryddinga.

At det kan ventast villare og våtare vêr i åra framover, er dei fleste samde om.

– Kven som til slutt blir pålagt ansvaret for oppryddinga etter «tusenårsflaumen» i Ottaelva, er prinsipielt viktig – og handlar ikkje berre om Glasopor AS. Dersom Miljødirektoratets konklusjon blir endeleg, vil den ha konsekvensar for alle som driv verksemder i Noreg og viktige arbeidsplassar rundt om i landet, skriv Glasopor AS i pressemeldinga.