Skjåk vil ikkje gje ei einaste krone til WWF

... men støttar arbeidet mot plastforsøpling med 20.000 kroner.

Ikkje hoga: – Vi er ikkje hoga til å støtte WWF, men sjølve føremålet med tv-aksjonen er vi sjølvsagt heilt samde i, sa ordførar Edel Kveen. Til høgre: Kristen Haugen Dagsgard (Sp).  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Formannskapet i Skjåk er samde om at plast i havet er eit stort miljøproblem som får ringverknader for oss alle.