Handverksenteret høvla seg nytt namn og logo - blir Åver

Sørlandet har ein restaurant ute i havet med namnet «Under». Da måtte det bli «Åver» da Lalm handverksenter skulle skifte namn.

Avduking: Ordførar Harald Sve Bjørndal hadde æra av å avduke firmaskiltet med det nye namnet Åver. Ordføraren kalla namnet for spenstig og framoverlent. Målet med det nye namnet har vore å finne eit namn som signalisere kva ein driv med, kvar ein kjem frå, kva kvalitet ein levere, og på toppen av det heile; «åverraske» og peike framover.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– De fører den gamle handverkstradisjonen inn i ei ny tid. «Åver» er eit spenstig namn og syner at de er moderne og møter den nye tida på ein spenstig måte, sa ordførar Harald Sve Bjørndal etter at han hadde avduka det nye namnet til håndverksnikkeriet på Lalm måndag kveld.