Satsar på Dompe som møteplass med gapahuk og sendeplateløype: Ber inn til ryddedugnad

I Dompe i Vågåmo skal det bli diskgolfbane og ny gapahuk. Men fyrst er det ryddedugnad.

Ryddedugnad: Vågå kommune og Lions Club Vågå samarbeider om å lage ein møteplass for unge og eldre i Dompe. Fyrst må området ryddast for smårogn og buskas. Laurdag inviterer Jens Hagen i Lionsklubben, ungdomsmedarbeidar Jørgen Vole og fysakkoordinator Mona Sveen til stor ryddedugnad i området nedanfor Jutulporten. Her står dei på tomta til gapahuken som Lions skal setje opp.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Nå skal vi sjå om det er like stor dugnadsiver i Mo’om som i grendene, seier ungdomsmedarnbeidar Jørgen Vole.