Willie fekk veslesyster på dagen sin - Åse vart fødd på stuegolvet heime

Akkurat på dagen to år etter at Anna Hammerdalen og Lars Torstein Rusten vart foreldre for fyrste gong til vesle Willie, kom veslejenta Åse til verda. Ho hadde det travelt og vart fødd på stuegolvet heime i Garmo.

Fødde på stuegolvet: Familien på fire samla i stua der mor Anna Hammerdalen fødde veslejenta Åse natt til tysdag. – Det var noko til styr dette, seier far Lars Torstein Rusten. Veslejenta vart fødd på same dagen, to år etter sonen Willie. Han fekk både veslesyster og gravemaskin i gebursdagsgåve.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det vart noko til styr dette her, seier Anna Hammerdalen (22) og Lars Torstein Rusten (29) der dei sit ved stuebordet heime på garden Brimi.