Uvêr på fjellovergangane

Vegen over Sognefjellet er nattestengt og det er meldt om uvêr med snøbyger og kraftig vind på Valdresflye.

Valdresflye: Slik såg det ut på Valdresflye klokka 19.10 laurdag kveld.  Foto: webkamera

Nyheiter

Vegtrafikksentralen Øst har laurdag kveld oppdatert meldingane for fylkesveg 51 Valdresflye og fylkesveg 55 over Sognefjellet.

For Valdresflye er det meldt uvêr med snøbyger og kraftig vind i fjellet, frå i kveld og utover dagen i morgon.

Sognefjellet er nattestengt frå 20.00 til 08.00 på grunn av vêrforholda.

Det blir gjort ny vurdering sundag klokka 08.00.

Sjekk trafikkmeldingane her.