Leiteaksjon ved Galdhøpiggen

Ein mann har ikkje kome ned att til Spiterstulen etter dagstur til Galdhøpiggen.

Leiteaksjon: Mannskap frå Norske redningshundar deltek i leiteaksjonen ved Galdhøpiggen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Det er sett i gang leiteaksjon etter ein mann i slutten av 30-åra som ikkje har kome ned att til Spiterstulen etter ein dagstrur til Galdhøpiggen.

Det er operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt som meldte dette klokka 21.47 laurdag kveld.

Det blir søkt med luftambulanse, mannskap frå Røde Kors og Norske redningshundar.

Det er snøbyger og rundt null grader i fjellet.