Læreplanar med nytt innhald: Meir rom for leik som læring

Da skulen starta opp att i august, vart nye læreplanar tekne i bruk. Det inneber meir leik og utetid for dei yngste. Både rektor og lærar i 1. klasse ved Vågåmo skule gler seg over dei nye endringane.

Uteskule: Eilev Eide Jonassen og Endre Blankenborg Jøransen ivrige på å finne bokstaven som lærar Hanne-Kari Bakke ropar opp i ein av språkleikane. Bakke seier at slike utedagar fenger fleire enn det å sitje i klasserommet og skrive same bokstaven mange hundre gonger. – Ved å vere i fysisk aktivitet ute, utviklar hjernen seg og elevane lærer betre. Gjennom leik får vi og mykje sosial trening som igjen vil bidra til eit godt klassemiljø og læringsgrunnlag, seier Hanne-Kari Bakke.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

– Sjå her da, så fin «S» eg har laga, seier ein stolt og ivrig fyrsteklassing ved Vågåmo skule som viser fram bokstaven han har forma.