Mari og Aslak lokkar til fjells med musikalsk smakebit

Mari Midtli og Aslak Brimi lanserte fredag songen «Kom til fjells» på straumetenester, den fyrste smak av musikken til barneprosjektet «Huldra Hildur».

Kom til fjells: Mari Midtli og Aslak Brimi har samarbeidd over fleire år. Nå har dei lansert den fyrste smakebiten på musikken til barneprosjektet «Huldra Hildur», som kjem i oktober både som bok, lydbok og musikkalbum. Med songen «Kom til fjells» lokkar dei to folkemusikarane til fjells.  Foto: Even Lusæter

Nyheiter

Med ein freistande lokk frå fjellet, lanserte gudbrandsdalsmusikarane Mari Midtli og Aslak Brimi fredag ein forsmak på barneprosjektet «Huldra Hildur», som er både bok, lydbok og musikkalbum.