Elev om etablering av landsline i Lom: – Ta tak og set i gang!

Elevrådsrepresentant Ragnhild Flaten var klar i talen da fylkespolitikarar besøkte den vidaregåande skulen i Lom.

Ragnhild Flaten vil at det skal etablerast ei landsline for fjellfriluftsliv i Lom.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Representantar frå Arbeiderpartiet i Innlandet hadde torsdag invitert seg sjølve til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom, der dei fekk ei brei orientering om dagens skulesituasjon, og ei nyttig argumentasjonsrekke for etablering av ei «Landsline i fjellfriluftsliv».