Klar tale frå sorenskrivaren: – Vi treng større lokale

Sorenskrivar Elisabeth B. Løvold er glad for at Nord-Gudbrandsdal tingrett blir behalde som rettsstad, men ynskjer seg nytt og større lokale.

Ynskjer større rettslokale: Sorenskrivar Elisabeth B. Løvold ynskjer større rettssal i tingretten i Vågå. Større saker må i dag gå på Lillehammer og tingretten der. – Dersom det er vilje til å oppretthalde rettsstadene, må det løyvast pengar til dette, meiner Løvold.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Tingretten er ikkje stor nok til at vi kan køyre større saker i desse lokala, sa Elisabeth B. Løvold da stortingspolitikarane Emilie Enger Mehl og Marit Knutsdatter Strand var på besøk sist torsdag.