DMT skiftar namn til HAUS: «Nytt» byrå satsar stort

Marknadsføringsbyrået med avdeling i Skjåk satsar friskt med nye tenester, nye ansikt, ny profil og eigen podcast.

Satsar stort: Her er dei kreative fagfolka i Haus si Skjåk-avdeling, som er klare for vidare satsing i marknadsføringsbyrået. Frå venstre: Digital rådgjevar og avdelingsleiar i Skjåk Tormod Sperstad, grafisk designar Merete Dagsgard og designar og prosjektleiar Hilde Kielland Mølmen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

2020 har vore eit spesielt år, også for dei kreative fagfolka i marknadsføringsbyrået Haus, tidlegare DMT. Byrået har avdelingar i Alvdal og i Skjåk.