Tenden Transport: - Kostar oss 1 mill. ekstra i året å køyre om Sogn

Samferdselskonferansen 2020 går føre seg i på Hotel Alexandra i Loen tysdag og onsdag. Tysdag var det riksveg 15 som stod på agendaen.

Dårleg alternativ:- Skulle vi køyrd til Oslo om Sogn i staden for over Strynefjellet ville det kosta oss 1 million kroner meir på eitt år, poengterte Rolf Olav Tenden på vegne av Trenden Transport   Foto: Roger Oldeide

Nyheiter

Mellom dei som var på podiet var Rolf Olav Tenden som representerar ein av dei som frekventerar Strynefjellet meir enn dei fleste. Han peika på den store effekten Strynefjellsvegen har hatt for Nordfjord og aust-vest trafikken sidan den vart heilårsveg i 1978.