– Det må bli slutt på tullkøyringa med traktor

Torgeir T. Garmo (Lomslista) tok opp det han meiner er eit problem Lom som nasjonalparklandsby ikkje kan vera kjent med.

Torgeir T. Garmo tykkjer det er for mykje ragging med traktor i Lom sentrum.   Foto: Illustrasjonsfoto/arkiv

Nyheiter

– Den verste ragginga foregår på traktor, det er eit forferdeleg bråk. For ikkje å snakke om miljøaspektet ved dette, sa Torgeir T. under «open post» på kommunestyret i Lom tysdag.