Truga med juling

Natt til sundag var, i fylgje Sogn Avis, ungdom frå Skjåk på Harastølen i Luster, og truga dugnadsarbeidarar med juling om dei ikkje slapp inn på det nedlagde sanatoriet.

Harastølen, høgt over Lustrafjorden, er eit «landemerke» for mange.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Harastølen, som har vore tuberkulose-santorium, psykiatrisk sjukehus og asylmottak, har i fleire år vore ein ynda plass for mange å besøke. På grunn av både bygningsmassen, beliggenheita og historien.