Rv15 er tema under samferdselskonferanse i Loen

Tysdag og onsdag denne veka er over 80 vegentusiastar, politikarar, reiselivsaktørar og interesseorganisasjonar samla i Loen på samferdselskonferanse.

Rv15: Tunnelane på fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn er tema under samferdselskonferansen i Loen denne veka.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Konferansen går føre seg på Hotel Alexandra i Loen, og den fyrste dagen er «Riksveg 15: Flaksehals eller framtidsveg?» tema. Her vil ein mellom anna diskutere gjennomføring av vedteken ny rv15-tunnel Skåre-Breidalen med arm til Geiranger, med alle fordelar og utfordringar ein står i der, samt moglegheiter ein ser for industrien og reiseliv i aust og vest.

Dag to er sett av til huvudtema «Gode verktøy for utvida bu- og arbeidsmarknad». Her er mellom anna ferjefri E39 og Det grøne skiftet saker på agendaen.

Sentrale politikarar frå Vestland, Møre og Romsdal, Innlandet og Stortinget deltek på samferdselskonferansen i Loen tysdag og onsdag. Dei blir utfordra av folk frå reiselivsbransjen, transportbransjen, Statens vegvesen og øvrig industri.