Sjå kven som er «Vekas jubilant»

«Vekas jubilant» har fylt 6 år.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Marius Melby i Skjåk, som vart 6 år den 1. september. Marius fekk gratulasjon i Fjuken frå Hege, Oddbjørn, Jo, bestemor, bestefar, Ragnhild, Ola, mamma, pappa og Håkon.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.

Jubilant: Marius er «Vekas jubilant».  Foto: Privat