Handverksenteret har høvla seg nytt namn og ny logo

Lalm Handverksenter inviterer til ope hus med lansering av nytt namn.

Nytt namn: Arne Sagdalen ved Lalm Handverksenter ynskjer velkomen til eit triveleg lag med god musikk og namnedåp.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Sist haust fylte vi 10 år og det er på høg tid å feire. Vi har høvla oss både nytt namn og logo, og lanseringa skjer i snekkarverkstaden, seier dagleg leiar Arne Sagdalen.