Innhaldsrikt og variert program i helga:

Opna Diktardagar med eit glytt inn i livet til Kjell Aukrust

Musikk, humoristiske innslag og verdspremiere var blant innhaldet da Diktardagar inviterte til jubileumskveld for Kjell Aukrust i Utgard fredag kveld.

«Jasså, døkk sit og glor»: Ole Foss baud på humoristiske innslag kring Kjell Aukrust, under jubileumskvelden fredag kveld.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Gjennom farsslekta hadde Kjell Aukrust sterk tilknyting til Lom. I år er det 100 år sidan forfattaren og kunstnaren vart fødd, og dette blir markert på fleire måtar under årets Diktardagar i Ottadalen.