I kamp mot klokka og med fullt røykdykkarutstyr på ryggen

Mannskapet i Vågå brannvesen er vant med at sekunda tel når alarmen går. Det same gjeld når dei skal gjennom den årlege fysiske testen.

Kamp om klokka: Brannsjef Roar Strand går fyrst og sjekkar klokka, bak kjem røydykkaren berande med eit aggregat på 30 kilo. Mannskapet i Vågå brannvesen har hatt sin årlege fysiske test.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Det er stilt like store krav til oss som deltidsbrannvesen som brannkorpsa i dei større byane med heiltidstilsette, seier brannsjef Roar Strand i Vågå brannvesen.