Diktardagarprisen 2020 til hiphop-duo

– Prisvinnaren i år må seiast å stå for framifrå formidling av den språklege kulturarven i Norddalen. Tekstane blir framførte på klingande dialekt og gjennom ein uttrykksmåte som ikkje kan skildrast som anna enn stort nybrotsarbeid.

Fekk pris: Duoen Øystein Haugan (t.v.) og Kjell Marius Snipen i hiphop-gruppa «DÅM» fekk Diktardagarprisen 2020 laurdag kveld. Det var Rita Mundal og Svein Holen som delte ut prisen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det sa styreleiar i Diktardagar, Svein Holen, før han overrekte Diktardagarprisen 2020 til Kjell Marius Snipen og Øystein Haugan i hiphop-duoen «DÅM», under festkvelden i Utgard laurdag kveld.