Trafikksikringstiltak nedanfor Vågå ungdomsskule: Byggjer ny gangveg og haldeplass

Ny gangveg langs Moavegen nedanfor Vågå ungdomsskule skal fungere som haldeplass for bussar og drosjer. Nedanfor barneskulen blir det plass der foreldre kan sleppe av ungane sine.

Trafikksikring: Arbeidet med trafikksikringstiltaket nedanfor Vågå ungdomsskule byrjar å ta form. Gangvegen skal fungere som haldeplass for bussar og drosjer. Parkeringsplassen nedanfor Vågåmo skule får også ei betre utforming for å gjere inn- og utkøyring lettare for foreldre som køyrer ungane til skulen.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Vågå kommune skal gjennomføre trafikksikringstiltak nedanfor skulane i Vågåmo.