Svikt i distribusjonen: Fjuken-abonnentar i Oslo-området har ikkje fått avisa

– Teknisk svikt, seier distributøren.

Mange har venta forgjeves på Fjuken dei siste to vekene. 

Nyheiter

Denne og førre veke har frustrasjonen vore stor blant Fjuken-abonnentane i og rundt Oslo.

– På grunn av ein teknisk svikt hjå oss, har pakkar med aviser vorte liggjande dei to siste vekene, heiter det frå distributøren Helt Hjem.

– Telefonen har ikkje vore roleg, korkje denne eller førre veke, seier dagleg leiar i Fjuken, Asta Brimi. Eg forstår svært godt at abonnentane blir både frustrerte og sinte, men nå lovar Helt Hjem at ting skal vera i orden, seier ho.

Både den siste utgåva, og papiravisa frå førre deke, blir ettersendt til dei som ikkje har fått ho. Utfordringa da blir at posten berre leverer kvar andre eller tredje dag.

Det kan derfor bli svært gamalt nytt når Fjuken endeleg kjem fram

– Vi kryssar alt vi har for at alle abonnentane får avisa si til rett tid neste veke, seier Brimi.

For dei med komplett Fjuken-abonnement er det råd å lesa eavisa på nettet - så sant dei har oppretta ein brukarkonto.