Spelte inn komposisjonar av Harald Haug: Musikkskatt etter far og bestefar

Trond-Ole Haug ville heidre faren Harald Haug ved å gje ut ein CD med musikk han har laga. Sonen Hallgrim har vore viktig å ha med seg i arbeidet.

Far og Son: I samband med at Harald Haug ville ha runda 100 år i år, ville Trond-Ole Haug gje ut noko av musikken som faren laga. Trond-Ole har hatt eit rikhaldig notearkiv å plukke frå, når han skulle velje musikk som faren komponerte til innspelinga av CD-en. Sonen Hallgrim (til venstre) har vore til stor hjelp i arbeidet. Han er også ein av fleire solistar på plata.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I år er det 100 år sidan musikaren og komponisten Harald Haug (1920-1999) vart fødd.