Erna ville møte Juni

Yrkesvalet til 25 år gamle Juni Jonsson frå Lom vekte sjølvaste statsministeren si interesse. Onsdag møttest dei to på Lillehammer.

Møte: Yrkesvalet og engasjementet til Juni Jonsson interesserte statsminister Erna Solberg såpass at ho ville ha ein prat med jenta frå Lom som har starta eige transportselskap.  Foto: Arvid Samland/Statsministerens kontor

Nyheiter

Statsminister Erna Solberg har vore på turne i Innlandet, og på veg frå Lesja til Raufoss la statsministeren inn ein stopp på Lillehammer for ein prat med Juni Jonsson som i sommar starta sitt eige transportfirma.