Innlandstrafikk snudde i saka om skuleskyss i Kveom: Skuleungar får bli med maxitaxi

Nye reglar gjorde at skuleungar i Kveom ikkje fekk moglegheit til å kjøpe seg plass i maxitaxi til og frå skulen. Så snudde Innlandstrafikk i saka.

Kveomsvegen: Vågå kommune ser på Kveomsvegen som trafikkfarleg skuleveg og har gjort vedtak om skuleskyss til skuleungar til og med 4. klasse. Nye reglar gjer at skuleungar ikkje får kjøpe seg plass i maxi-taxi. Nå har Innlandstrafikk snudd og opnar for ordninga for skuleungar i Kveom.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Foreldre i Kveom i Vågå engasjerte seg etter at dei ved skulestart i haust fekk beskjed om at skuleungane ikkje lenger fekk nytte seg av moglegheit til å kjøpe ledig plass i drosje til og frå skulen.