Einingje Samdrift matar eigen straum inn i fjøsdrifta

– Dette er ei verkeleggjering av tankar vi har hatt i mange år her i samdrifta. I tillegg er det artig å kunne vera sin eigen straumprodusent.

Samdrift: Det var ein stor dag i Einingje Samdrift tysdag, da solcelleanlegget beståande av 102 panel på fjøstaket vart sett i drift. Frå venstre: Utvalsleiar for miljø- og samfunnsutvikling i Skjåk kommune Elias Sperstad, Svein Skjelkvåle, Lars Brennhaug, Kristian Hosar, Sæbjørn Forberg, Svein Ivar Tørhaug, Per Lars Lien, Oddbjørn Sperstad i Skjåk Energi, Simen Toven i Bismo Elektro, elverksjef i Skjåk Energi Lars-Egar Haugen og Rikard Skjelkvåle.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Sæbjørn Forberg, dagleg leiar i Einingje Samdrift i Skjåk. Samdrifta i Holemorkvegen vart etablert i 2004 og har i dag fem tilsette.