Reiselivsbransjen med klar beskjed til statsministeren: – Behald smittevernreglane

Statsminister Erna Solberg sat att med eit godt inntrykk av reiselivsaktørane i Trøndelag og Nord-Gudbrandsdalen etter tysdagens møte på Snøheim.

Statsminister Erna Solberg møtte reiselivsnæringa i Nord-Gudbrandsdalen og Trøndelag på Dovrefjell.  Foto: Simen Rudiløkken

Nyheiter

Tysdag kveld denne veka kom statsministeren og følgjet hennar til Snøheim på Dovrefjell i strålande haustvêr. På veg inn mot turisthytta fekk dei sjå både moskus og villrein på relativt nært hald.