Tina Løken Mestrand og Øyvind Hatleli Mestrand angar ikkje på valet om å ta over gardsdrifta på Mestrand. Etter fleire år med naudsynt restaurering på garden, kan dei endeleg senke skuldrane litt. Ei familieauke har det og vorte, med vesle Timian på snart to år. Foto: Kari Margot Odnes

Tina og Øyvind bestemte seg for ny livsstil midt ute i Stillehavet: Nå driv dei slektsgarden i Vågå

I ein seglbåt ute i Stillehavet i 2015 fann Tina Løken Mestrand (33) og Øyvind Hatleli Mestrand (35) ut at livsstilen med å leve på lite kunne vere noko for dei. Nå har dei teke over slektsgarden til Øyvind i Vågå, Mestrand gard, og utviklar den steg for steg.