Varsel om mogleg styrtregn

Frå seint sundag ettermiddag til tidleg måndag morgon er det venta kraftige regnbyger.

Styrtregn: Kart over styrtregn, gult nivå.   Foto: Illustrasjon/Meteorologisk Institutt

Nyheiter

Det melder Meteorologisk Institutt.

Varselet gjeld Vestfold, Buskerud, Oppland og Telemark.

Det er store lokale variasjonar i intensitet og mengde, og vêret kan endrast raskt.

Gult nivå vil seia ein «utfordrande situasjon».