Urovekkjande mange MC-ulykker

11 av i alt 18 omkomne i sommarmånadene juni og juli var MC-førarar.

Trafikkulykker i sommar: MC-førarar utgjer fleirtalet av omkomne denne sommaren.   Foto: Illustrasjonsbilde

Nyheiter

Det melder Statens vegesen i ei pressemelding.

Av dei 11 motorsyklistane som omkom, var det 7 som mista livet i utforkøyringsulykker. To av ulykkene var møteulykker. I båe desse tilfella skuldast ulykka at motorsyklisten gjennomførte ei forbikøyring.

Gjennomsnittsalderen blant dei omkomne er relativt høg: 9 av dei 11 omkomne på motorsykkel var i aldersgruppa 40-59 år.

– Dette er svært urovekkjande tal, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Statens vegvesen.

Vegvesenet si ulykkesanalysegruppe skal analysere alle ulykkene, for å kartleggje årsaker og eventuelle samanhengar.

– Det er for tidleg å seia noko om kva denne auken skuldast, eller om det vi ser er ein trend, seier Ranes.

Så langt i år ligg talet på omkomne i trafikken litt over fjoråret.

– Det synest ikkje å vera noko endring som kan tilskrivast konrona-pandemien, seier Ranes.

I andre europeiske land har talet på omkomne i trafikken gått kraftig ned i 2020, som resultat av korona-pandemien. Dei norske tala liknar derimot nabolanda Sverige og Danmark, der ein òg har registrert liten eller inga endring samanlikna med 2019.