Vil gå opp på alle fjelltoppar over 2.000 meter

Den siste turen skal gå frå Leirvassbu til Visbretind i Lom den 8. august.

Fjelljente frå Valdres: Linn Therese Helgesen er berre 15 år, men snart har ho vore på alle fjelltoppane i Noreg på over 2.000 meter.  Foto: Morten Helgesen

Nyheiter

15 år gamle Linn Therese Helgesen frå Nord-Aurdal i Valdres vil gjera eit forsøk på å bli den yngste i Noreg til å nå alle fjelltoppar over 2.000 meter, heile 377 i talet.

Per i dag er den yngste som har vore på alle desse fjelltoppane Sondre Kvambekk. Han var 19 år da han fullførte dette prosjektet.

Linn Therese Helgesen tok til å interessere seg for toppturar i 2012. På det tidspunktet hadde ho vore på alle fjelltoppane i Valdres. Målet vart etter kvart å gå på alle toppane i Noreg over 2.000 meter. Det gjekk litt i rykk og napp dei fyrste åra, men frå 2017/18 har ho vore ivrig og bestemt.

Linn Therese Helgesen har ein eigen blogg der turane er dokumentert. Dersom du vil lese om turane, og dersom du vil følgje med på korleis det går den 8. august, kan du følgje med her.