Færre arbeidssøkjarar i Innlandet

Ved utgangen av juli var det i underkant av 12.800 personar som var registrert heilt ledige, delvis ledige eller arbeidssøkjarar på tiltak i Innlandet.

Fleire i arbeid: Det blir stadig færre arbeidsøkjarar i Innlandet fylke.  Foto: Nav

Nyheiter

Det er 6,8 prosent av arbeidsstyrken. Den tilsvarande andelen i landet er på 8,2 prosent.

– Det er nå 2.740 færre arbeidsøkjarar i Innlandet enn det det var ved utgangen av juni, opplyser fungerande direktør i NAV Innlandet, John-Arne Birkeland.

Blant unge under 30 år er det ein nedgang både i heilt ledige og delvis ledige arbeidssøkjarar samanlikna med slik det var i utgangen av juni.

I aldersgruppa 30 år og over, var det færre delvis ledige, men fleire heilt ledige arbeidsøkjarar. Ved utgangen av juli var andelen heilt ledige høgast i aldersgruppa frå 20 til 24 år – og lågast i aldersgruppa under 20 år.

Nedgangen i talet på heilt ledige har vore størst innan reiseliv og transport.

Ved utgangen av juli var det flest både heilt ledige og delvis ledige innan butikk- og salsarbeid.

I innlandet var det i juli ein tilgang på 1.216 ledige stillingar.

– Det var flest nye stillingar innan helse, pleie og omsorg med 266 stillingar. Det var òg ein relativt stor stillingstilgang innan serviceyrke og anna arbeid med 204 stillingar, opplyser John-Arne Birkeland.

(Pressemelding)