Spennande kar besøkte Ottadalen

Rajendra Shukla kom syklande frå India til Noreg i 1972. Han utdanna seg til lege og seinare kirurg. Fredag besøkte han Ottadalen.

Strålande blid: – I Lom er det fint! Etterpå skal vi til Skjåk, fortalde Rajendra Shukla.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Den 14. april i år valde eg å pensjonere meg. Dagen etter, den 15. april, starta vi på ein omfattande sykkeltur Noreg rundt. Det var meininga å sykle til India, men koronapandemien sette ein stoppar for det. Derfor bestemde vi oss for å sykle innom alle kommunane i Noreg i staden. Kona mi, Aruna, var eigentleg ikkje så begeistra, for ho kunne ikkje sykle frå før. Men nå går det fint, seier ein pratsam Rajendra Shukla – ein spennande kar å prate med.