Kveldsseto i Jutulheimen

Arild Teigen frå Kvam skal halde foredrag om boka «Falne døler» i kveld, onsdag.

Bok: Dersom du vil vite meir om boka «Falne døler», bør du besøkje Jutulheimen i kveld, onsdag.  

Nyheiter

I fleire år har Arild Teigen frå Kvam drive med det han kallar «eit lett deprimerande innsamlingsarbeid».

– Det har rett og slett vore eit djupdykk ned i skjebne og død, seier Arild Teigen, som i lang tid har arbeidd med å finne historiene til dei som fall under 2. verdskrig.

Innsamlingsarbeidet har resultert i boka «Falne døler» og det er denne boka Arild Teigen skal halde foredrag om i Jutulheimen i kveld.

Det er Gudbrandsdalsmusea, i samarbeid med Vågå historielag, som står bak arrangementet.