Gratis kurs i sløyd og trearbeid

Læreplanane i Fagfornyinga som gjeld frå hausten 2020, legg større vekt på handverk. Sidan mange lærarar manglar kompetanse, blir det sett i gang kurs ved Hjerleid skole- og håndverksenter på Dovre frå hausten av.

Treng meir kunnskap: Robert Wiik, som har vorte ein populær instruktør og gjestelærar ved Hjerleid, meiner at mange lærarar treng meir kunnskap innan sløyd og trearbeid.   Foto: Ove Kirkestuen

Nyheiter

Det er fagavdelinga i Norsk Kulturarv, Senter for Bygdekultur, som arrangerer ei kursrekkje på fire modular for lærarar i kunst og handverk. Forutan fire langhelger denne hausten blir det eit nytt kurs våren 2021.