– Folk blir så glade når dei får hjelp

Skjåk Bil AS har ikkje vunnest stort meir enn å berge bilar denne sommaren.

Glad i jobben: – Personleg tykkjer eg det er jælma triveleg å drive bilberging, seier Sylfest Krogstad i Skjåk Bil AS.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Stor turisttrafikk har mange positive ringverknader, ikkje berre for butikkar, hotell og serveringsstader – men for andre òg. Eit godt døme i så måte er bilverkstaden Skjåk Bil AS i Bismo, som denne sommaren har hatt ein enorm vekst i bilbergingsoppdrag.