Vellykka dartturnering i Lom

14 spelarar deltok, deriblant ein tidlegare EM-vinnar.

Turneringsdeltakarane: Fyrste rekkje frå venstre: Espen Andrè Skjåk (Lom), Joacim Woll (Lom), Kolbein Kjørren (Lom), Kjell Magne Lunna (Lom), Tellef Mjelde (Moss) og Ole Johan Klyve (Bergen). Bak, frå venstre: Monica Holm (Lom), Jon Olav Kolden (Lom), Rune Kjørren (Lom), Roy Rustad (Vålerenga), Helge Verket (Roa), Håkon Kjørren (Lom), Thor Helmer Johansen (Moss) og Stein Myhrvold (Vålerenga).   Foto: Privat

Nyheiter

Det er stor aktivitet i Lom Dartklubb.

I helga arrangerte klubben ei sommarturnering der det deltok fleire godt kjende spelarar.

Vinnaren vart Thor Helmer Johansen frå Moss – som er den aller beste dartspelaren i Noreg. Han har heile 60 NM-titlar og har i tillegg ein siger i EM.

På andreplass kom Helge Verket frå Roa, medan Tellef Mjelde frå Moss vart nummer tre.

Jon Olav Kolden frå Lom vart nummer fire, medan Håkon Kjørren og Monica Holm vann velkomstcupen i dobbeltspel fredag kveld.

Vinnaren: Det var Thor Helmer Johansen frå Moss som, ikkje overraskande, vann turneringa.   Foto: Privat