Knallgod sommar på Vågå Hotell:

– Vi er eigentleg heilt utslitne

Daiva Mitkute, dagleg leiar ved Vågå Hotell, kan slå fast at sommaren har gått over alle forventningar.

Fullt belegg: Da fellesferien tok til, eksploderte det med turistar på Vågå Hotell.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Da koronapandemien kom i mars, og hotellet vart stengt i to månader, visste ikkje Daiva Mitkute kva ho skulle tru. Ville det gå bra eller ville det gå heilt gale?