– Utfordringa er å få tak i nok varer

Jon Gjeilo i Fjell og Fritid har selt fjell- og friluftsutstyr i 30 år, men aldri har han opplevd så mykje trafikk som denne sommaren.

Fullt køyr: – Norske turistar handlar og handlar, fortel ein travel Jon Gjeilo i Fjell og Fritid.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Norske turistar handlar og handlar. Mange av dei skal på fjellturar, og fleire kjøper seg utstyret dei treng – gjerne til heile familien. Dei kjøper jakker, fjellbukser, sko, eigentleg alt.